Norsk
Nyeste
Atrás

Blogger

Her kan du kommentere alle brukernes blogger

Vi ser fra en gutt sine øyne i første avsnitt, og jenta sine øyne i andre. De bytter liksom annen hver. Gutt: 1,3,5,7, osv. Jente: 2,4,6,7 osv.
______________________________

Det stinkar. Eg veit ikkje kvar lukta kjem frå. Frå meg, eller dei andre? Kanskje begge partar. Garderoben er liten, mørk og stappfull. Gutar i alle fargar og fasongar står rundt meg, som eit slags skjold. Eg likar det ikkje. Lurer på om dei andre føler det same? Nei, no tenkar eg for mykje. Eg er trass alt bare 14 år gamal. 14 og eit halvt, faktisk, då eg har hatt min bursdag dette året. Det var i Januar.

Ser dei på meg? På meg og brysta mine? Antakelig vis ikkje. Den tida er forbi. Her står eg, saman med ein flokk jenter. Det duftar sterkt av parfyme. Framføre spegelen er det ein tometerlang kø, der alle står med eit handkle knytt stramt rundt seg. Nokon fønar håret, medan andre trippar rastlaust på staden. Om eg ville, kunne eg gått rett bort til spegelen, forbi den tometerlange køen. Om eg ville, kunne eg gått bort til Hanne, sett på ho, og ho hadde gitt meg hårfønaren på null komma svisj. Slik er det berre. Andre ser kanskje på meg som ein slags leiar. Stine, leiaren av den kule jentegjengen! Eg verken prøvar eller vil vera den eg er. Det er berre slik.

Folk byrjar å gå. Eg er nesten åleine. Utanom meg er det berre to gutar her. Eg set meg ned på benken, for så å sjå begge gutane slengje ranselen på ryggen og forlate rommet. Rundt meg er det no heilt stille, bortsett frå ein dusj som står på. Kroppen min reisar seg sakte, og går mot dusjane. Handa mi strekk seg ut mot den påståande dusjen. Ikkje heilt enkelt å skrue av ein dusj utan å bli blaut sjølv, men eg får det til. Etter det set eg meg ned på benken igjen. Eg prøvar å høyre, høyre på stillheita. Den lydar ganske bra.

Håret er føna, huda er pudra og neglene lakka. Vegen frå garderoben til klasserommet er kort. Ut i frå mitt geniale augemål, gjettar eg at det er kring 40 meter. Ei jente opnar døra for meg, og smilar pent. Eg klarar å få fram eit stramt, falsk smil. Ikkje at eg ikkje prøvar å meine det, sjølvsagt, men det er ikkje så lett skal eg seie deg å alltid oppleve at folk ser opp til deg, og alltid behandlar deg som eit gullbarn. Til slutt blir ein ganske lei. Av og til skulle eg ynskje at eg ikkje fekk fem eller seks i alle fag. Av og til ynskjer eg at eg ikkje hadde Colgate smil, eller langt, lyst englehår.

Skal eg gå no? Eg sit framleis på den same benken. Velgjer å bli litt til. Kva meir er det å gjer, tenkjar eg medan eg går mot spegelen. Rommet er tomt, og stillheita er høyrt på. Det er kanskje nettopp derfor eg går mot spegelen no. Sjølv meinar eg at utsjånaden min er ganske vanleg. Eg har mellomtjukt hår, brune auge og relativt solbrun hud. Håret mitt, er det svart eller mørkebrunt? Det ser rimeleg svart ut, tykkjar eg. Eg lenar meg nærare inntil spegelen, og prøvar å sjå betre, men det er eit problem. Det er så dårleg lys i denne garderoben, at alt ser svart ut! Håplaust.

Klasserommet er nesten fullt. Berre ein pult står tom. Læraren kjem inn, og med si lyse røyst byrjar han på det normale oppropet. Ja, ja og atter ja. Ein blir nesten lei av ordet. Nokon prøvar å slå hol på isen med eit lite "her", men det blir berre for dumt. Alle er til stade, heilt til læraren med si lyse røyst kjem til det eine namnet. Eg visste kva det var, før han sa det. Aleksander. Ingen svar kjem. Ein av gutane utbrytar at han aldri drog frå garderoben, og fleire gutar samtykkar. Læraren fortset oppropet. Til slutt piper den lyse røysta namnet mitt, og eg køyrar fram eit uoriginalt "ja."

Kvar einaste centimeter av andletet er studert. Dei fire kvisene i panna, nasen, dei heilt normale tennene og barten som endå ikkje er komen. På tide å forlate denne staden. Vidare, over i ein ny arena. Då eg opnar døra ut, blir eg møtt av ein varm augustvind. Greitt nok, eigentleg, det har eg ingenting i mot. Skulle eg beskrive skulen, kvardagen og livet mitt med eitt ord, ville eg sagt at det rett og slett var greitt. Det einaste som ikkje er greitt, er at eg ikkje klarar å seie om håret mitt er svart eller mørkebrunt. Gjer det noko? Har det noko å seie? Det er nesten greitt det også, då. Kanskje.

Det er nesten som om eg må beundre måten han går inn døra på. Ikkje slaskete, og heller ikkje arrogant. Han har ei bok under armen. Medan han går mot pulten sin, vendar han hovudet og gjer læraren eit "unnskyld at eg er sein, det skal ikkje skje igjen"- blikk. Han er ganske høg. Høgare enn læraren. Eg tippar at han er kring ein åtti. Han set seg ned på plassen sin, som ligg to hakk fram og eit til venstre frå min pult. Kanskje det er berre eg som innbill meg ting, men eg er sikker på at han kasta eit blikk mot meg. I alle fall i denne retninga.

Etter min særs diskret entre, sette eg meg roleg ned ved pulten. Eg vendte ryggen for å skjekke kva klokka viste. Ti over eitt. Resten av klassen var til ein forandring rimeleg roleg. Dei fleste sat med hovudet ned i ei bok. Berre ei av jentene, Stine trur eg ho heitte, såg ein anna vei. Det kjentes som om ho kunne sjå rett i gjennom meg. Kjentes som om blikket hennes gjennombora bakhovudet mitt. Eg vendte om, og stira rett på ho. Som eit resultat snudde ho seg raskt vekk, og såg ned i leseboka som om ingenting hadde skjedd. I staden for å dykka ned i Harry Potter boka eg hadde lese minst eit halvt dusin gonger før, fortsette eg å sjå på ho. Der ho sat, var ho i grunnen ganske pen. Veldig pen.

Omsider viser klokka halv to, og skuledagen er omme. Eg flyt ut døra, på ein straum av latter og smil frå dei andre jentene. Raskt skundar eg meg ut, for å sleppe all smiskinga frå dei andre medelevane. Etter å ha gått kring 50 meter, får eg ei rar kjensle. Nokon er bak meg. Eg snur hovudet, og ser ein gut gå åleine. Aleksander.

Ute står sola høgt på himmelen. Eit stykke framføre skimtar eg ei jente, med langt lyst hår. Ho snur hovudet, og sendar eit blikk på meg, for så å vende hovudet tilbake til normal posisjon. Stega hennes blir mindre. Eg byrjar å gå litt fortare, og er snart eg rett bak ho. Ei behageleg lukt siv inn i meg, og humøret stig raskt fire-fem hakk. No går vi side om side. Ho er ikkje særleg høg. Eg ser bort på ho og smiler.

Utan å seie eit ord, får eg han til å følgje etter meg bort til eit benk, der eg set meg ned. Han set seg ned ved sida av meg. Tre sommarfuglar flyg mot bordet, og dansar frem og tilbake i banar rundt oss.


Eg ser ei jente og ein gut sitte på ein benk. Dei ser lukkelege ut. Samtidig lenar dei seg inntil kvarandre, og kyssar motparten på munnen. Plutseleg river guten seg sakte bort, og spør jenta undrande kva farge hår ho meinar han har. Ho kysser han raskt ein gong til, før ho smilande svarar: "Eg veit ikkje, men det er i alle fall pent."
_____________________________________

Setter pris på konstruktiv kritikk!
All you touch and all you see / is all your life will ever be
  • 0
Jeg er ikke noen stor fan av romantiske fortellinger, men jeg må innrømme at både handlingen og skrivestilen din fanget min oppmerksomhet. Du skriver utrolig godt.

Jeg har ikke tenkt til å kommentere gramatikken. Skriveferdighetene dine gjør at man ikke merker seg eventuelle skrivefeil i noen særlig grad.
Lenge siden noen har klart å fange oppmerksomheten min i slik grad på nynorsk.

Det eneste jeg vil påpeke er at du muligens burde være noe mer distinkt i forskjellene mellom de to karakterene. De vil IRL naturligvis tenke annerledes og bruke ulikt språk, noe som burde komme klarere frem i tankeskildringene dine, da ville du ikke trenge introduksjonen som forklarer oppbyggingen.
                                                 ••• Abusus non tollit usum! •••                                                                                                      Moderatorsjef @ Gamereactor®                                          
  • 0
Siterer Strategist:
Jeg er ikke noen stor fan av romantiske fortellinger, men jeg må innrømme at både handlingen og skrivestilen din fanget min oppmerksomhet. Du skriver utrolig godt.


Takk!

Siterer Strategist:
Jeg har ikke tenkt til å kommentere gramatikken. Skriveferdighetene dine gjør at man ikke merker seg eventuelle skrivefeil i noen særlig grad.
Lenge siden noen har klart å fange oppmerksomheten min i slik grad på nynorsk.


Jeg har selv merket at jeg brukte for eksempel "ar"- endinger i steden for "er"- endinger, og omvendt. Nynorsk er stress.

Siterer Strategist:
Det eneste jeg vil påpeke er at du muligens burde være noe mer distinkt i forskjellene mellom de to karakterene. De vil IRL naturligvis tenke annerledes og bruke ulikt språk, noe som burde komme klarere frem i tankeskildringene dine, da ville du ikke trenge introduksjonen som forklarer oppbyggingen.


Da jeg leverte teksten inn på skolen i dag hadde jeg selvfølgelig ikke med "introduksjonen som forklarer oppbygningen", men trodde kanskje noen ville ha nytte av det her, slik at de forhåpentligvis skulle forstå noe. Neste gang jeg prøver meg på en parallell historie skal jeg prøve å få til enda mer forskjell på tankeskildringer og slikt! Takk for konstruktiv kritikk
All you touch and all you see / is all your life will ever be
  • 0
dette er ein sekser
Rocktober
  • 0
Godt skrevet -sebastian-

Du er søren mye flinkere enn meg til å skrive på nynorsk. Har litt å lære det
Bernt Erik Sandnes/Spill er sunt - Intel i7 4960X, Gigabyte X79-UP4 hovedkort, Gigabyte HD7970 2GB GDDR5, 32GB Kingston Hyper X Beast, Kingston HyperX 240GB SSD, BenQ XL2720Z LED Skjerm, Philips amBX, Cooler Master Cosmos SE kabinett.
  • 0
Takk for flotte kommentarer, King-of-metal og Bernt Erik!
All you touch and all you see / is all your life will ever be
  • 0
Nynorsk . Konge det *tommel-opp smiley*

Bra måte du skriv på .
Kanskje litt mykje adjektiv av og til. Litt urealistisk slutt moglegvis

Men alt i alt veldig bra
There's a reason it isn't called Grand Theft Public Transport.
  • 0
Du skriver pokker meg ganske bra! Jeg likte at du skrev annen hver avsnitt fra guttens og jentas "perspektiv".
  • 0
Takk skal du ha
All you touch and all you see / is all your life will ever be
  • 0

For å diskutere må du være innlogget. Om du ikke er medlem ennå - bli medlem nå!